KVITFELLA FERIEHYTTER
Epost: post@kvitfella.no Telefon: (+47) 57 86 77 74 Mobil: (+47) 957 42 281 / (+47) 991 51 488

Hytter med panoramautsikt

Ein betre stad for å nyte ferien saman med familie og vener enn på Kvitfella og Rauset finn du knappast. Hyttene ligg usjenert til i bakkane over Gloppefjorden, solrikt og med panoramautsikt mot fjord og fjell. At staden har vore attraktiv for mange viser funn av ei vikinggrav rett ved hyttene.

Her kan du oppleve livet på ein gard, gå turar i skog og fjell, fiske på fjorden, det er eit flott tur- og fisketerreng innover dei mange dalane rundt plassen, eller berre slappe av og nyte utsikta frå hytteveggen. Det er også kort veg til dei mange tettstadane i området.

Du har også eit fint utgangspunkt for dagsturar til både bre og hav i Nordfjord og områda rundt. Gloppen og nabokommunane er kjent for eit rikt festival- og kulturtilbod, og alt er lett tilgjengeleg frå Rauset. Gloppeelva er også mellom dei mest populære lakseelvane i landet.

Store og godt utstyrte hytter

Vi har to romslege og godt isolerte hytter med alt du treng til ein vellukka ferie - året rundt. I kvar hytte finn du ei stor stove, eit velutstyrt kjøkken, fire soverom med til saman åtte sengeplassar, varmt og kaldt vatn, bad, oppvaskmaskin og vaskemaskin, frysar, internett og parabol-TV med Riks-TV, ei lang rekke norske og utanlandske kanalar. I tillegg er det ein ekstra frysar på tunet for dei som treng fryse ned fisk eller vilt dei har fått under opphaldet. Det er god parkeringsplass ved kvar av hyttene.

Sjå 360 grader både ute og inne

Sjå hyttene frå lufta og bakken, og gå frå rom til rom inne inne på dei to hyttene. Fleire dronebilete frå området her.

Prisar

Pr. døgn: 1200,- kroner
Pr. veke sommar: 6000,- kroner inkl. båt
Pr. veke vinter: 4500,- kroner utan båt
Utvask: 500,- kroner
Leige av dyne- og putetrekk, laken og to handdukar: 100 kroner pr. sett

Kvitfella feriehytter Epost: post@kvitfella.no Telefon: (+47) 57 86 77 74 Mobil: (+47) 957 42 281 / (+47) 991 51 488

Det du treng for ein fisketur på fjorden

Har du lyst å prøve fiskelukka kan du det. I fjorden går det både laks og ørret, i tillegg til meir vanleg fisk som torsk, sei og lyr. Når det er sesong får du også sild og makrell. For deg som leiger hytter på vekebasis, følgjer båt med.

Til kvar hytte høyrer det til ein båt som ligg ved flytebrygga nede ved fjorden. Båtane, ein Øien og ein Pioner, er begge 15 fot og har kvar sin 25hk påhengsmotor med elektrisk start. Redningsvestar høyrer sjølvsagt med, og det er mogleg å leige ekkolodd. Om det vert fangst er det eit rom for å gjere opp fisk på gardstunet, og ein ekstra frysar til kvar hytte om det skulle verte gode fiskedagar.

Her ligg plassen

Ein levande gard

Garden ligg på Rauset, 13 km frå Sandane sentrum. Her driv vi ammekyr og okseoppdrett, og dyra går fritt i landskapet rundt. Her er også eit kraftverk som ligg til elva feriehyttene har fått namn etter. Halvegs til fjells, 530 meter over fjorden kjem du fram på Rausetstøylen. Det er traktorveg fram, men du kan også gå den gamle steinlagde stien opp. Her finn du eit koseleg lite støylsmiljø med fri utsikt til heile Gloppen.

Bilete frå garden

Opplevingar i området

Stall Rygg
Rideopplevingar for store og små.

Russehola
Spasertur til dramtisk krigshistorie.

Nordfjord museum / Holvikejekta
Hus og historie frå heile Nordfjord.

Antikk & raritetar
«Låven med det rare i» har mykje spanande.

Nordfjord Grovsyklarlaug
Aktiv terrengsykkelklubb. Foto frå nettsida.

Sandane Golfklubb
Ni-holsbane i flotte omgivelsar

Gloppen Padleklubb
Padleaktivitetar og kajakkutleige.






Kvitfella feriehytter Epost: post@kvitfella.no Telefon: (+47) 57 86 77 74 Mobil: (+47) 957 42 281 / (+47) 991 51 488